“Me ser at han blomstrar på det!”
Slik brukar familien Bravo-leken, teikn og Milla Says i kvardagen
På kjøkkenbordet ligg ordkort, konkreter og små gjenstandar klare. Ei lita hand peikar ivrig mot eit bilete før handa gjer eit teikn som mamma kjenner att med ein gong. Rundt bordet er det mange smil, rørsler og små augeblikk som betyr mykje.
Hos Randi Angelskår Håland er språktrening først og fremst leik.
Gjennom dei siste åra har familien delteke i to Bravo-prosjekt. Først fekk dei Bravo-leken gjennom prosjektet Mestring og inkludering, og seinare har dei vore med i prosjektet Språk for alle – universell omgrepslæring med teikn, der dei har prøvd ut det nye teiknmateriellet. Samstundes brukar dei Milla Says som ein naturleg del av kvardagen.
For familien har kombinasjonen vorte ein måte å skape eit rikt og inkluderande språkmiljø heime.
– Me synest det er spennande, trygt, det krev innsats og det er veldig lærerikt. Bravo-leken og teikn-til-tale utfyller kvarandre så godt, fortel Randi.
Eit felles språk rundt barnet
I Bravo-leken møter barnet ord gjennom bilete, konkreter, rørsle og leik. Med teikn og Milla Says kjem endå ein dimensjon til.
– Me har byrja med å vise korta frå Bravo-leken. Deretter har me vist videoane frå Milla Says og gjort teikna saman. Til slutt har me utforska konkretane med sansane og snakka om dei med ord og teikn.
Språkarbeidet stoppar heller ikkje når Bravo-runden er ferdig.
– Seinare på dagen kikkar me på teikna i Milla Says igjen. Me brukar fokusorda i aktivitetar, i frileiken og når me ser ting rundt oss. Det gjer at orda kjem att mange gonger i løpet av dagen.
Ho understrekar at det krev litt planlegging.
– Eg seier ikkje at det kjem gratis. Begge verktøya krev litt førebuing, og eg har gjort nokre tabbar undervegs. Men det er verdt det.
Sjå korleis familien arbeider heime
I filmen under får du bli med heim til Randi og sjå korleis familien brukar Bravo-leken, teikn og Milla Says i praksis. Her får du sjå korleis små språkaugeblikk kan bli ein naturleg del av kvardagen, og korleis leik, rørsle og teikn saman kan skape eit rikt språkmiljø for barnet.
«Me ser at han blomstrar på det»
Det som motiverer mest, er utviklinga dei ser hos sonen.
– Me ser at han blomstrar på det.
Randi opplever at Bravo-leken gir familien eit tydeleg pedagogisk opplegg, samstundes som teikna gjer kommunikasjonen lettare.
– Det er eit fint pedagogisk opplegg. Me har felles ord me øver på, utvidar vokabularet og blir meir medvitne om å bruke språket i det me ser og gjer gjennom heile dagen.
Ho trekkjer fram at også meir abstrakte omgrep blir ein naturleg del av leiken.
– Til dømes ordet «adjektiv», som har same teikn som teiknet me nyttar for «farge». Me blir meir bevisste på å bruke mange ulike ord.
Læring gjennom leik
Noko av det familien likar best, er korleis læringa skjer gjennom aktivitet.
I staden for å sitje stille rundt eit bord, får barnet bevege seg, utforske, kjenne, sjå og gjere. Teikna blir ein naturleg del av opplevinga, ikkje noko som kjem i tillegg.
– Me har ikkje jobba så mykje med staving tidlegare, men det vart veldig kjekt. Me peika på bokstavane, viste teikna, leita etter bokstavar og laga ord. Me har òg jobba mykje med handformene til bokstavane. I teikn-til-tale er handformene viktige fordi dei blir brukte i så mange teikn. Då vart det både leik, øving og utforsking på same tid.
No er teiknmateriellet klart
Då Randi byrja med Bravo-leken i 2024, var berre 100 av orda teiknillustrerte. Gjennom prosjektet Språk for alle – universell omgrepslæring med teikn har ho og andre familiar, barnehagar og skular bidrege med verdifulle erfaringar i utviklinga av Bravo-leken med teikn.
No er materiellet endeleg ferdig. Alle dei over 600 omgrepa i Bravo-leken har fått eigne teiknillustrasjonar, og det er utvikla teiknvideoar som gjer det enklare å lære og bruke teikna i kvardagen. Teiknmateriellet finst til Bravo Intro, Bravo Kickstart og Bravo Level Up, og gjer det mogleg å kombinere ord, bilete, konkreter, rørsle og teikn i éin og same Bravo-runde.
Målet er å gjere språkarbeidet meir tilgjengeleg og inkluderande for alle barn som har behov for teiknstøtte, anten teikn til tale eller teiknspråk, og for familiane og fagpersonane rundt dei. Når alle brukar dei same teikna, blir det lettare å skape eit felles språkmiljø heime, i barnehagen og på skulen.
To verktøy som utfyller kvarandre
Ca 100 av omgrepa finst også som teiknfilmar i Bravo-biblioteket på Milla Says. Når strukturen i Bravo-leken blir kombinert med levande teiknvideoar, får barnet fleire inngangar til det same ordet. Dei ser biletet, held konkreten, gjer teiknet, høyrer ordet og opplever det gjennom leik og rørsle.
For Randi handlar dette først og fremst om å gi sonen fleire moglegheiter til å forstå og uttrykkje seg.
– Det er ikkje alle som treng teikn. Men for dei som gjer det, er dette ein veldig kjekk måte å jobbe på.